8 Og ho såg at eg sende bort den fråfalne Israel fordi ho braut ekteskapet, og at eg gav henne skilsmissebrev. Den trulause systera Juda vart ikkje redd. Ho òg gjekk bort og dreiv hor.
9 Med sitt lettsindige horeliv vanhelga ho landet; ho braut ekteskapet med stein og tre.
10 Og trass i alt dette vende den trulause systera Juda ikkje attende til meg av heile sitt hjarte; ho berre lét som ho gjorde det, seier Herren.
11 Herren sa til meg: Den fråfalne Israel er meir rettferdig enn den trulause Juda.
12 Gå og rop ut desse orda mot nord:Vend attende, du fråfalne Israel!seier Herren.Eg er ikkje lenger sint på dykk,for eg er trufast,seier Herren.Eg er ikkje vreid til evig tid.
13 Berre innsjå di skuld.For du har gjort opprør mot Herren din Gud.Du baud deg fram for framandeunder kvart frodig tre.Du høyrde ikkje på mi røyst,seier Herren.
14 Kom tilbake, de bortkomne søner! seier Herren. For eg er herre over dykk. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei slekt, og føra dykk til Sion.