1 Om ammonittane.Så seier Herren:Har ikkje Israel born,har han ingen arving?Kvifor har då Milkom teke over Gadog folket hans slege seg ned i byane der?
2 Difor, sjå, dagar skal koma,seier Herren,då eg lèt krigsrop lydafor ammonittane i Rabba.Byen skal bli til ein aud ruinhaug,dotterbyane skal brennast opp.Israel skal driva bortdei som hadde drive han bort, seier Herren.
3 Klag, Hesjbon,for Ai er øydelagd.Skrik, de Rabbas døtrer,kled dykk i sekkestrie, set i med klageog spring att og fram mellom kveene.For Milkom må gå i eksilog prestane og stormennene med han.
4 Kvifor skryter du av dalane,av grøderikdomen i dalen din,du bortkomne dottersom set di lit til skattane dine:«Kven kan vel nå meg?»
5 Sjå, eg sender redsle over deg,seier Herren, allhærs Gud,frå alle kantar.De skal drivast bort i kvar si retning,og ingen skal samla dei som flyktar.
6 Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,seier Herren.