13 Slik er den delen ein lovlaus får av Gud,den arven valdsmannen får frå Den veldige:
14 Har han mange born, fell dei for sverd,etterkomarane får ikkje metta seg med brød.
15 Dei som overlever, går i død og grav,og inga enkje held sørgjehøgtid.
16 Han haugar opp sølv som støvog samlar seg klede som leire;
17 han samlar, men rettferdige kler seg,uskuldige deler sølvet.
18 Det huset han byggjer, er som ein møll,som lauvhytta vaktmannen lagar.
19 Han legg seg rik, men det varer ikkje:Han slår auga opp, og alt er borte.