1 Blås i horn på Sionog lyft hærrop på mitt heilage fjellså alle i landet skjelv!For Herrens dag kjem, han er nær,
2 ein dag med mørker og dimme,ein dag med skyer og skodde.Eit stort og mektig folk breier seg utsom morgonròden over fjellet.Det har aldri hatt sin like i tider som var,og vil aldri få det i år som kjem,så lenge slekt følgjer slekt.
3 Elden et opp framfor dei,og etter dei sleikjer flammen,landet framfor dei er som Edens hage,etter dei er ein aud ørken,ingen slepp unna.
4 Som hestar er dei å sjå til,som hingstar spring dei fram,
5 som krigsvogner over fjellaskramlar dei fram,lik eld som sprakar i halmen,lik eit sterkt folk rusta til krig.
6 Folkeslag skjelv for dei,kvart andlet blir raudt.