1 Dette er kongane i landet som israelittane vann over, dei som rådde over landet som israelittane tok i eige på den andre sida av Jordan, på austsida, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet, heile austsida av Araba-sletta:
2 amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon og rådde over området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, området frå midt i dalen og over halve Gilead til Jabbok, elva som er grense mot ammonittane,
3 og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen – som blir kalla Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane.
4 Vidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i
5 og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.
6 Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.
7 Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del,