8 Desse byane med beitemarker gav israelittane til levittane ved loddkasting, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.
9 Dei byane som no skal nemnast, er byane som vart gjevne frå stammane til Juda og Simon.
10 Dei vart gjevne til aronittane, som høyrde til Kehats slekt og stamma frå Levi, for loddet fall først på dei.
11 Dei fekk Kirjat-Arba, det er Hebron i fjellandet til Juda, med beitemarker som høyrde til. Arba var stamfar til anakittane.
12 Men åkerjorda og landsbyane som høyrde byen til, gav dei Kaleb, son til Jefunne, som hans eigedom.
13 Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker,
14 Jattir og Esjtemoa med beitemarker,