2 Ho græt om natta,kinnet er vått av tårer.Ingen av elskaranetrøystar henne.Venene har svike,dei har vorte fiendar.Gimel ג
3 Juda drog i eksiletter naud og slaveri.Ho bur mellom folka,finn ikkje kvile.Dei som jaga, tok henne attder det var trongast.Dalet ד
4 Vegane til Sion sørgjer,ingen kjem til festane.Byportane ligg aude,prestane sukkar.Ungjentene klagar,sjølv har ho bitter sorg.He ה
5 Motstandarane har vorte herrar,fienden lever trygt. Herren har late henne lidafor hennar mange synder.Fienden dreiv småbornaframfor seg som fangar.Waw ו
6 Dotter Sion mistaall si prakt.Hovdingane hennar likna hjortarsom ikkje finn beite.Kraftlause gjekk deiframfor han som jaga.Zajin ז
7 Jerusalem minnest, heimlaus, i naud,fortids prakt.Folket fall for fiendehand,ingen hjelpar fanst.Fienden såg på og lomedan ho gjekk under.Het ח
8 Jerusalem har synda grovt,difor er ho urein.Alle som æra henne,foraktar henne,dei har sett henne naken.Ho stønnar og snur seg bort.Tet ט