1 Då muren var bygd og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktene, songarane og levittane utnemnde.
2 Til å styra over Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og Hananja, leiaren for borga. For han var ein påliteleg mann og meir gudfryktig enn dei fleste.
3 Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola byrjar å verma, og medan dei enno står vakt, skal dørene stengjast og låsast. Set dei som bur i Jerusalem, til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
4 Byen var vid og stor, men folket der var fåtalig, og husa var enno ikkje gjenreiste.