3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen.
4 Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.»
5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der.
6 Så gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren over hærskarane:Går du på mine vegarog tek deg av tenesta for meg,skal du få styra mitt husog vakta føregardane mine.Eg gjev deg tilgangmellom dei som står her.
8 Så høyr, Josva, øvsteprest!Du og dei andre prestanesom sit framfor deg, er eit varsel.For sjå, eg lèt min tenar Spire koma.
9 Sjå, eg ritar ei innskriftpå den steinen eg har lagt framfor Josva,denne eine steinen med sju auge,seier Herren over hærskarane.Eg stryk ut skulda til dette landetpå ein einaste dag.