5 Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no auga og sjå kva som kjem.»
6 Eg spurde: «Kva er dette?» Han svara: «Det er efa-målet som nærmar seg.» Så sa han: «Dette er all skulda i landet.»
7 Og sjå, blyloket lyfte seg, og det sat ei kvinne i efaen!
8 «Dette er lovløysa», sa han. Så kasta han henne ned att i efaen og la blysteinen over opninga.
9 Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – to kvinner nærma seg. Vinden fylte vengene deira, dei hadde venger som storken. Dei lyfte efaen opp mellom jord og himmel.
10 Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar fer dei med efa-målet?»
11 Han svara: «Dei skal byggja eit hus til henne i Sinear-landet. Når det er ferdig, skal ho stillast opp der på sokkel.»