11 I det same stod det tre menn utanfor det huset vi var i. Dei var sende til meg frå Cæsarea.
12 Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å nøla. Desse seks brørne vart òg med, og vi gjekk inn i huset til mannen.
13 Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter!
14 Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’
15 Eg hadde ikkje før teke til å tala, så fall Den heilage ande på dei liksom på oss i den første tida.
16 Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: ‘Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande.’
17 Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?»