49 Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet.
50 Men jødane øste opp dei gudfryktige kvinnene av høg byrd og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfølging av Paulus og Barnabas, og dei vart jaga bort frå området.
51 Då riste dei støvet av føtene mot forfølgjarane og fór til Ikonium.
52 Men læresveinane vart fylte av glede og av Den heilage ande.