34 Men ein farisear som heitte Gamaliel, ein lovlærar som heile folket sette høgt, reiste seg i Rådet, bad dei føra mennene ut ei lita stund
35 og sa: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene!
36 For ei tid sidan stod Tevdas fram. Han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken av tilhengjarar løyste seg opp og vart borte.
37 Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han drog med seg mykje folk, men han mista livet, og alle tilhengjarane hans vart spreidde.
38 Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det.
39 Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.» Dei følgde rådet hans
40 og kalla apostlane inn att. Dei lét dei piska, forbaud dei å tala i Jesu namn og lét dei så gå.