29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, nei, ein gjev kroppen næring og tek seg av han slik Kristus gjer med kyrkja.
30 For vi er lemer på hans kropp.
31 Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.
32 Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja.
33 Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.