2 Han står under formyndarar og hushaldarar heilt fram til den tida far hans har fastsett.
3 Slik er det òg med oss. Då vi var umyndige, var vi slavar under grunnkreftene i verda.
4 Men då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova.
5 Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born.
6 Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»
7 Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
8 Den tid de ikkje kjende Gud, var de slavar under gudar som ikkje er verkelege gudar.