3 Det skal ikkje lenger finnast noka forbanning. Trona åt Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han.
4 Dei skal sjå Guds andlet, og namnet hans skal vera på panna deira.
5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje lys av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal herska som kongar i all æve.
6 Og engelen sa til meg: «Desse orda er truverdige og sanne. Herren, den Gud som gjev profetane sin Ande, har sendt sin engel for å syna tenarane sine det som snart skal henda.
7 Og sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske orda i denne boka.»
8 Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene til den engelen som hadde synt meg dette, og ville tilbe han.
9 Men han sa til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!»