2 helsar dei heilage i Kolossai, dei truande sysken i Kristus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far!
3 Vi takkar alltid Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, når vi bed for dykk.
4 For vi har fått høyra om dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleiken de har til alle dei heilage
5 på grunn av det håpet som ventar dykk i himmelen. Det har de alt no fått høyra om gjennom det sanne ordet, evangeliet
6 som er kome til dykk. For i heile verda ber evangeliet frukt og breier seg ut. Det har det òg gjort hos dykk, heilt frå den dagen de høyrde det og i sanning fekk læra Guds nåde å kjenna.
7 Det var slik de lærte det av Epafras, vår kjære medarbeidar, som er ein trufast Kristi tenar for dykk.
8 Han har òg fortalt oss om den kjærleiken de har i Anden.