32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!»
33 «Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.»
34 Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»
35 Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pengepung eller veske eller skor, mangla de då noko?» «Nei, ingen ting», svara dei.
36 «Men no», sa han, «må den som har pengepung, ta han med, og like eins den som har veske. Og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit.
37 For eg seier dykk at det må oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna blant lovbrytarar. For det som er fastsett om meg, skal no fullendast.»
38 Då sa dei: «Herre, sjå, her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.