5 Dei vart glade og lova å gje han pengar.
6 Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.
7 Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast.
8 Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.»
9 «Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei.
10 Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i,
11 og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’