28 Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.
29 For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’
30 Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’
31 For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»
32 To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus.
33 Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.
34 {{Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»}} Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.