44 Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen,
45 for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to,
46 og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.
47 Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»
48 Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå.
49 Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde følgt han frå Galilea.
50 Det var ein rådsherre som heitte Josef. Han var ein god og rettferdig mann