14 Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells,
15 den som er på taket, må ikkje gå ned og inn i huset og henta noko,
16 og den som er ute på marka, må ikkje gå tilbake etter kappa si.
17 Ve dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!
18 Og be om at det ikkje må henda om vinteren!
19 For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli.
20 Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.