1 Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste.
2 For eg må gje dei dette vitnemålet: Dei brenn for Guds sak, men utan verkeleg å kjenna han.
3 Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud.
4 For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig.
5 Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei.
6 Men den rettferda som kjem av tru, seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –
7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.