8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
9 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!
10 Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!
11 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren!
12 Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna.
13 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie.
14 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje.