22 Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad,
23 for alle har synda og manglar Guds herlegdom.
24 Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.
25 Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde.
26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.
27 Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.
28 For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar.