22 Den fylkinga som så tok ut frå leiren, var Efraims-sønene, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Elisjama, son til Ammihud.
23 Førar for Manasse-ætta var Gamliel, son til Pedasur.
24 Og førar for Benjamins-ætta var Abidan, son til Gidoni.
25 Fylkinga åt Dans-sønene, som var baktropp, tok så ut frå leiren, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Akieser, son til Ammisjaddai.
26 Førar for Asjers-ætta var Pagiel, son til Okran.
27 Og førar for Naftali-ætta var Akira, son til Enan.
28 Såleis var israelittane fylka då dei tok i veg, kvar flokk for seg.