8 Han talar eg med, åsyn til åsyn,klårt og greitt, ikkje i gåter;Herrens skapnad får han sjå.Korleis kunne de då vågaå tala mot Moses, min tenar?
9 Så gjekk Herren bort, medan vreiden hans loga imot dei.
10 Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var sjuk.
11 Då sa han til Moses: «Herre, lat oss ikkje bøta for ei synd vi har gjort i vår dårskap.
12 Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster, som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»
13 Då ropa Moses til Herren: «Å Gud, gjer henne frisk!»
14 Men Herren svara: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, laut ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? No skal ho stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»