1 Herren tala til Moses og sa:
2 «Send nokre menn for å speida ut Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Ein mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera hovdingar.»
3 Så sende Moses ut nokre menn frå Paran-øydemarka, som Herren hadde sagt, og alle var hovdingar mellom israelittane.
4 Dette er namna på speidarane: for Rubens-ætta Sjammua, son til Sakkur;
5 for Simeons-ætta Sjafat, son til Hori;
6 for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne;