15 for Gads-ætta Ge’uel, son til Maki.
16 Det var namna på dei mennene som Moses sende for å speida ut landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva.
17 Då Moses sende dei av stad for å speida ut Kanaan-landet, sa han til dei: «Far opp til Negev, og ta så opp i fjellet!
18 Sjå korleis landet er laga, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort.
19 Korleis er det landet dei bur i, er det godt eller ringt? Kva slag byar held dei til i, er det leirar eller festningsbyar?
20 Og korleis er jorda, feit eller skrinn? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med dykk noko av frukta i landet!» Det var på den tid då dei fyrste druene vart mogne.
21 Så tok dei av stad og speida ut landet frå Sin-øydemarka til Rehob ved Lebo-Hamat.