22 Dei fór opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Akiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygt sju år før Soan i Egypt.
23 Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann laut bera han mellom seg på ei stong. Dei tok òg med seg nokre granateple og fikenar.
24 Den staden vart sidan kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
25 Då det leid av førti dagar, kom dei attende etter å ha speida ut landet.
26 Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet.
27 Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der.
28 Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg.