24 Den staden vart sidan kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.
25 Då det leid av førti dagar, kom dei attende etter å ha speida ut landet.
26 Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet.
27 Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der.
28 Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg.
29 I Negev bur det amalekittar, i fjell-landet hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»
30 Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga dei og sa: «Vi vil fara opp og leggja landet under oss. Vi skal nok ta det.»