19 Alle heilage gåver som israelittane kjem til Herren med, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. For deg og etterkomarane dine skal dette vera ei evig pakt som er vigsla med salt for Herrens åsyn.
20 Herren sa til Aron: Når landet vert utskift, får du inga jordeign til liks med dei andre. Eg skal vera din arv og del mellom israelittane.
21 Men eg lèt levittane få all tienda i Israel. Den skal dei ha i løn for arbeidet sitt, for tenesta ved møteteltet.
22 Dei andre israelittane skal aldri meir koma nær møteteltet. For då fører dei synd over seg og må døy.
23 Det er levittane som skal gjera teneste ved møteteltet og ha ansvar for det. Det skal vera ei evig lov, frå ætt til ætt. Dei skal inga jordeign ha mellom israelittane.
24 For tienda, den heilage gåva som israelittane kjem til Herren med, lèt eg levittane få; den skal vera deira eigedom. Difor har eg sagt til dei at dei ikkje skal eiga jord liksom dei andre israelittane.
25 Herren tala til Moses og sa: