2 Og brørne dine av Levi-ætta, farsætta di, skal du ta med deg. Dei skal gjera teneste saman med deg, når du og sønene dine stig fram for teltet.
3 Dei skal hjelpa deg med tenesta i heile teltet. Men dei heilage kara og altaret skal dei ikkje koma nær. Elles må de døy, både de og dei.
4 Saman med deg skal dei tena i møteteltet og gjera alt det som skal gjerast der. Men ingen utanforståande må koma dykk nær
5 når de gjer teneste i heilagdomen og ved altaret. Elles kan vreidedomen atter koma over israelittane.
6 Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet.
7 Men du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta, alt det som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget. Det arbeidet skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men kjem ein utanforståande innåt, må han døy.
8 Herren tala atter til Aron og sa: Eg lèt deg ta vare på dei gåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine; det skal vera din del og deira rett i all framtid.