4 Saman med deg skal dei tena i møteteltet og gjera alt det som skal gjerast der. Men ingen utanforståande må koma dykk nær
5 når de gjer teneste i heilagdomen og ved altaret. Elles kan vreidedomen atter koma over israelittane.
6 Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet.
7 Men du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta, alt det som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget. Det arbeidet skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men kjem ein utanforståande innåt, må han døy.
8 Herren tala atter til Aron og sa: Eg lèt deg ta vare på dei gåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine; det skal vera din del og deira rett i all framtid.
9 Av alle dei høgheilage offera skal dette høyra deg til: Av alt det som dei ber fram, av alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, alle dei høgheilage offera, skal du og sønene dine ha det som ikkje vert brent.
10 Du skal eta dei som høgheilage gåver. Berre menn kan eta dei; heilage skal dei vera for deg.