11 Den som kjem nær eit lik, skal vera urein i sju dagar.
12 Den tredje og den sjuande dagen må han reinsa seg for synd, så han kan verta rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, vert han ikkje rein.
13 Kvar den som kjem nær eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, han gjer Herrens bustad urein og skal rydjast ut or Israel. Sidan det ikkje er skvett reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han.
14 Så seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar.
15 Og kvart ope kar, som det ikkje er lagt lok på, er ureint.
16 Når nokon som er ute på marka, kjem nær ein som er fallen for sverd, eller ein som har døytt på annan måte, eller han kjem nær eit menneskebein eller ei grav, skal han vera urein i sju dagar.
17 Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter det oppbrende syndofferet, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over.