10 Han svara: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt dette bodet til meg:
11 Sjå, eit folk har kome frå Egypt. Dei er så mange at dei fyller heile landet. Kom no og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut or landet.»
12 Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna dette folket; for det er velsigna.»
13 Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Far heim att til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å fylgja med dykk.»
14 Så tok Moab-hovdingane av stad. Dei kom til Balak og fortalde at Bileam ikkje ville vera med dei.
15 Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn dei fyrste.
16 Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Sei ikkje nei, men kom til meg!