17 Eg vil visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom berre og forbanna dette folket for meg!»
18 Bileam svara kongsmennene: «Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gjera noko, korkje smått eller stort, som går imot det Herren min Gud har sagt.
19 Ver no her i natt, de òg, så får eg vita kva Herren vil seia meg.»
20 Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne hit for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg!»
21 Om morgonen stod Bileam opp, sala eselet sitt og tok ut saman med Moab-hovdingane.
22 Men Gud vart brennande harm fordi han fylgde med. Difor stelte Herrens engel seg framfor han på vegen som ein motstandar. Då han kom ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine,
23 fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam ville ha det inn att på vegen og gav det eit slag.