36 Då Balak fekk høyra at Bileam kom, tok han av stad og møtte han i Ir-Moab, som ligg ved Arnon, i utkanten av landet.
37 Balak sa til Bileam: «Kvifor kom du ikkje då eg sende bod etter deg? Trur du ikkje eg kan visa deg ære?»
38 Bileam svara: «Når eg no er komen til deg, kan eg då tala fritt? Dei orda som Gud legg meg i munnen, må eg tala.»
39 Så fylgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.
40 Der slakta Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.
41 Morgonen etter tok kongen Bileam med seg og førte han opp på Ba’al-haugen. Derifrå kunne han sjå utkanten av Israels-leiren.