14 Det var Simeons-ættene, 22 200 i talet.
15 Dette er etterkomarane etter Gad, ætt for ætt: Frå Sefon kjem Sefon-ætta, frå Haggi Haggi-ætta, frå Sjuni Sjuni-ætta,
16 frå Osni Osni-ætta, frå Eri Eri-ætta,
17 frå Arod Arod-ætta og frå Areli Areli-ætta.
18 Det var Gads-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.
19 Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan.
20 Dette er etterkomarane etter Juda, ætt for ætt: Frå Sjela kjem Sjela-ætta, frå Peres Peres-ætta og frå Serah Serah-ætta.