21 Dette er etterkomarane etter Peres: Frå Hesron kjem Hesron-ætta og frå Hamul Hamul-ætta.
22 Det var Juda-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.
23 Dette er etterkomarane etter Jissakar, ætt for ætt: Frå Tola kjem Tola-ætta, frå Puvva Puvva-ætta,
24 frå Jasjub Jasjub-ætta og frå Sjimron Sjimron-ætta.
25 Det var Jissakars-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.
26 Dette er etterkomarane etter Sebulon, ætt for ætt: Frå Sered kjem Sered-ætta, frå Elon Elon-ætta og frå Jakle’el Jakle’el-ætta.
27 Det var Sebulons-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.