24 frå Jasjub Jasjub-ætta og frå Sjimron Sjimron-ætta.
25 Det var Jissakars-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 64 300.
26 Dette er etterkomarane etter Sebulon, ætt for ætt: Frå Sered kjem Sered-ætta, frå Elon Elon-ætta og frå Jakle’el Jakle’el-ætta.
27 Det var Sebulons-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 60 500.
28 Sønene til Josef og ættene deira var Manasse og Efraim.
29 Dette er etterkomarane etter Manasse: Frå Makir kjem Makir-ætta og frå Gilead Gilead-ætta. Makir var far til Gilead.
30 Og dette er etterkomarane etter Gilead: Frå Jeser kjem Jeser-ætta, frå Helek Helek-ætta,