40 Bela hadde desse etterkomarane: Frå Ard kjem Ard-ætta og frå Na’aman Na’aman-ætta.
41 Det var etterkomarane etter Benjamin, ætt for ætt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 600.
42 Dette er etterkomarane etter Dan, ætt for ætt: Frå Sjuham kjem Sjuham-ætta. Det var Dans-ættene.
43 Talet på dei som høyrde Sjuham-ættene til, var 64 400.
44 Dette er etterkomarane etter Asjer, ætt for ætt: Frå Jimna kjem Jimna-ætta, frå Jisjvi Jisjvi-ætta, frå Beria Beria-ætta,
45 frå Heber Heber-ætta og frå Malkiel Malkiel-ætta.
46 Asjer hadde ei dotter som heitte Sera.