50 Det var Naftali-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.
51 I alt vart det mønstra 601 730 israelittar.
52 Herren sa til Moses:
53 «Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet.
54 Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet.
55 Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til.
56 Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»