52 Herren sa til Moses:
53 «Mellom desse skal landet skiftast ut til odel og eige, etter folketalet.
54 Dei store ættene skal du gje stor eigedom og dei små ættene mindre. Kvar ætt skal få eigedom etter folketalet.
55 Landet skal skiftast ved loddkasting, og kvar ættgrein skal få land i det området som høyrer ætta til.
56 Etter som loddet fell, skal kvar ætt, stor eller lita, få sin eigedom.»
57 Dette er dei levittane som vart mønstra, ætt for ætt: Gersjon-sønene, ætta etter Gersjon; Kehat-sønene, ætta etter Kehat, og Merari-sønene, ætta etter Merari.
58 Desse ættgreinene var det i Levi-ætta: Libni-sønene, Hebron-sønene, Makli-sønene, Musji-sønene og Korah-sønene. Kehat fekk sonen Amram;