7 Det var Rubens-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 43 730.
8 Son til Pallu var Eliab,
9 og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram som var utvalde av Israels-folket og likevel gjorde oppreist mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg opp mot Herren.
10 Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og Korah; heile flokken omkom. Elden gjorde ende på to hundre og femti mann, eit teikn til skrekk og åtvaring.
11 Men sønene til Korah miste ikkje livet.
12 Dette er etterkomarane etter Simeon, ætt for ætt: Frå Nemuel kjem Nemuel-ætta, frå Jamin Jamin-ætta, frå Jakin Jakin-ætta,
13 frå Serah Serah-ætta og frå Saul Sauls-ætta.