1 Herren sa til Moses:
2 Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg.
3 Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet.
4 Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.
5 Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven.
6 Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren.