1 Moses sa dette til israelittane, heilt og fullt så som Herren hadde bode han.
2 Moses tala til hovdingane over Israels-ættene og sa: Dette har Herren gjeve påbod om:
3 Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova.
4 Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald,