13 Men dersom mannen hennar gjer det om inkje same dagen som han får høyra om det, då skal ikkje eit ord som ho har sagt, stå ved lag, anten det er ein lovnad ho har gjeve, eller ei plikt ho har teke på seg. Mannen hennar har gjort det om inkje, og Herren skal tilgje henne.
14 Kvar lovnad ho har gjeve, og kvar plikt til fråhald eller faste som ho har teke på seg med eid, kan mannen hennar stadfesta eller gjera om inkje.
15 Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, og alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko den dagen han får vita om det.
16 Men gjer han det sidan om inkje, må han ta ansvaret for brotet hennar.
17 Dette er dei føresegnene Herren gav Moses om den rett som gjeld mellom mann og kone, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur heime hjå far sin.