3 Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova.
4 Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald,
5 og far hennar får høyra om lovnaden og plikta ho har teke på seg, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.
6 Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, fordi det var faren som sa nei.
7 Set at ei kvinne har ein lovnad på seg når ho vert gift, eller har bunde seg med eit tankelaust ord.
8 Dersom mannen hennar får vita det, men ikkje seier noko til henne same dagen, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.
9 Men dersom mannen hennar same dagen som han får vita det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, til inkjes, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Og Herren skal tilgje henne.