3 Men gifter dei seg med menn frå dei andre Israels-ættene, går arven deira over frå eigedomen åt fedrane til den ætta dei no skal tilhøyra. Såleis minkar den eigedomen vi har fått.
4 Når ettergjevingsåret kjem hjå israelittane, vert arven åt døtrene lagd til eigedomen i den ætta dei tilhøyrer. Han vert teken frå den odelsjorda som vår fedreætt fekk.
5 Då tala Moses til israelittane så som Herren hadde sagt han føre: Det er rett det som leiarane i Josefs-ætta seier.
6 Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med kven dei vil, berre dei gifter seg innan si eiga fedreætt.
7 Så skal ingen eigedom i Israel gå over frå ei ætt til ei anna; men kvar israelitt skal halda fast på arven innan si fedreætt.
8 Kvar dotter som arvar jord i ei av Israels-ættene, må gifta seg med ein mann frå hennar eiga fedreætt, så kvar israelitt kan arva odelsjord etter fedrane sine.
9 Såleis skal ingen eigedom gå over frå ei ætt til ei anna; men alle Israels-ættene kan halda fast, kvar på sin arv.